Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 15, 2012

Fra Wikipedia, den frie encyklopædi
Stork, Ciconia ciconia, trekkjer gjennom smale trekkruter til Afrika.

Fugletrekk er vandringar fuglane gjer etter tre hovudtypar av trekkmønstre: spreiing, nomadisme og den vanlege sesongmessige vandringa mellom hekkeområdet og vinterkvarteret. Fugleartar som i regelen gjer sesongmessige trekk nemner ein flyttfugl eller trekkfugl. Fugletrekk oppstår som respons til endringar i fødetilgang, habitat, vêr eller dagslengd. Fuglar som ikkje trekkjer er kalla standfuglar, og kan seiast å vere motsetnaden til trekkfuglar.

Raudnebbterner kan trekkje over 80 000 km. Det er det lengste fugletrekket som har vore registrert. Omtrent 1 800 av verdas 10 000 fugleartar er langdistanseflyttfuglar. Les meir …